fredag 3. desember 2010

HAMLET

spørsmålet er - å vere eller ikkje:
Om det gjer meir storsinnet å tole
ein valdsam skjebnes kast og pilregn, enn
å ta til våpen mot eit hav av sorger,
og sløkke dei i trass? å sove, døy
meir er det ikkje; si at søvnen sløkk kvar hjertesorg og tusen rystelser
som kroppen arvar - ja, eit endelykt vel verd å drøyme om; å sove, døy
å sove, kanskje drøyme. det er haka;
for draumane til døden følgjer søvnen til døden
når vi har snodd oss ut av skinna til livet,
og difor stoppar vi. vi områr
og får eit langt liv i elende.
for kven kan tole prylen i verda og spott,
trykkane til tyrannen og arrogant forakt,
ein kjærleik som blir hånt, rettsleg sommel,
betente enbedsmenn og alle spark
som avskum langar ut mot han som tiar,
viss regnskapet kan slettes gjerast opp
med eit sølv dolk? kven gadd og bere lasta,
å slite livet ut men pust og pes
viss ikkje angst for noko etter døden,
eit ukjent land som ingen reisande
kan vende heim frå, lamslo viljen vår,
og gjorde at vi vel dagens naud
og ikkje flyktar til den ukjende?
bevisstheiten gjer alle til kujonar;
og dermed vil den resolutte gløden
lett bleikne under tanken sin gustne skinn,
og verksemder som har kraft og meining
vil bøye av og missa kravet på
å bli kalla handling -roleg no min vene
og herlege Ofelia. -husk å be for alle syndene mine.